HMS/Kvalitet
Kvalitet, helse, sikkerheit og Miljø (QHMS) politikk
Langsiktig forretningssuksess for LMI AS er avhengig av vår evne til å forbetre kvaliteten på tenester og produkter mens me beskytter mennesker og miljø. Menneskeleg helse, operasjonell sikkerheit, miljømessig beskyttelse, kvalitetsforbetring og velvilje i frå samfunnet skal vektleggjast. Dette engasjementet er av interesse for våre kundar, tilsette og kontraktørar, aksjonærar og samfunnet som me bur og arbeider i. LMI AS krev aktiv forpliktelse og ansvarlegheit for QHMS av tilsette og innleigd personell. Linjeleiinga har ei leiarrolle når det gjeld kommunisering og implementering av, og sikre samsvar med QHMS politikken og standardar.
Me er forplikta til:
Beskytte, samt strebe etter forbetring av; helse, miljø og tryggleik for våre tilsette til einkvar tid.
Eliminere kvalitets avvik og HMS ulykker.
Kontinuerleg møta spesifiserte kundekrav og sikre fornøgde kundar.
Sette Kvalitet & HMS mål, måle resultat, vurdere og kontinuerleg forbetre prosessar, tenester og produktkvalitet - gjennom bruk av effektive styringssystem.
Plan for å respondere og gjenopprette frå einkvar krise og forstyrring av vår drift.
Minimere vår påverknad til miljøet gjennom å førebyggje forurensing, redusere bruk av natur ressursar og utslepp, redusere og resirkulere avfall.
Tilføre vår tekniske ekspertise til alle HMS aspekter i design og engineering av tenester og produkter.
Kommunisere opent med aksjonærar og sikre forståing for vår QHMS politikk, standardar, program og resultat. Belønne eineståande QHMS resultater.
Forbetre våre resultat på områder som er relevante for våre aksjonærar og som er av global bekymring, og som me kan ha innverknad på, samt å dele vår kunnskap om vellykka QHMS program og initiativer.
Denne politikken skal gjennomgåast med jamne mellomrom for å sikre at politikken fortsatt er gyldig. Forpliktelsar lista opp her er i tillegg til grunnleggjande forpliktelse til å samsvara med Schlumberger standard, og på lik linje med aktuelle lover og forskrifter i dei områder me har virksomheit. Dette er viktig for vår forretningssuksess då det gjer det muleg for oss å systematisk minimere tap og auka verdien for våre aksjonærar.